Vermeldingane slo til, masse vind og periodar med øspøs, og då meinar eg skikkelig øspøs. Tilbake til virkeligheten slo meg når eg våkna av at da røkte i tampane og himmelen sine slusae stod på vidt gap!
I skrivande stund har me nettopp lagt frå kai i Korssundet og har litt over ein time igjen i motvinden ned til Eivindsvik som me har sett oss ut for natta. Vinden har stått kraftig på, midt i mot, nede i frisk bris no, 14 ms når me la ut frå Florø, det skulle ha løya meir ihht vermeldingane, men det gjekk heilt fint, stort sett over 10 knop, lett å kjenne at dette er ein mykje større båt enn den gamle, veldig stødig med mindre slag!
Før me kom så langt skulle me fylle diesel, litt av ei utfordring med slusene åpne annakvar minutt og fralandsvind ved pumpene. Men med litt tålmodighet fekk me fylt tankane med diesel og ikkje vatn fra oven!
Litt bilder frå i dag...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar