Ja, så er plutseleg dagen der, når turen er over. Veldig rart, ein føler at det er sjukt langt heim, men likevel kjem denne dagen plutseleg... Eg blir veldig fokusert på neste legg på slike turar og tenker lite på heile ruta. Det er vel derfor det blir slik...
Det måtte jobbast litt på morgonen så me kom ikkje avgårde før kl 10, då byrja det å regne infernalsk sjølvsagt når me skulle fylle diesel, men det gjekk fint og me tok den utsatte frokosten i starten med 6 knop. Me må vel innrømme at hurtigbåten som me skulle følge med på om kom i den trange leia kom overraskande på oss, men den smatt forbi i 30 knop på det smalaste!! Me såg den akkurat tidsnok til å få av autopiloten og snudd baugen på.
Første stopp i dag vart Viknes for å bytte tersen som ikkje passa, syns ikkje 32en skjemme seg ut blant 3-4-5-7 mNok båtane til Viknes:)
Siste pit-stopp på turen var Hjellestad for å fylle billig diesel, 14,79 er billigast på heile turen, dyrast var Rødskjær der me starta med 17,99.
Eg skal oppdatere med kostnader og liter brukt. Budsjettet var 1800 liter og 30.000, eg tur me er veldig nært det.
Utseilt distanser er klar, det vart 712,75 nmil. SmartBoat blei montert på Sandtorg så det mangler 20 nmil fra Hamnvik. Kjekt med litt tall, og SmartBoat One har familien fått tilgang til slik at dei har hatt full oversikt over kvar me var og kva framdrift me hadde. Slo me av på farten så ringte dei og lurte på om noko var gale😏 Trygghet for både dei og oss!
Siden frakt var 40.000 og eg uansett måtte reist til nord for å få levert båten på fraktebåt sidan desse kun tar i mot båtar i rom sjø pga kaikostnaden vart det litt kroner spart, men penger var ikkje motivasjonen, heile turen har vore eit eventyr og eg har blitt veldig godt kjent med båten på rekord tid!
Ferdig fortødd i heimehavna hos Stord Seilforening på Leirvik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar