fredag 15. august 2008

Romsa - 15. -17. august

Me kom oss avgårde fredagen, men det er litt av eit prosjekt å komme seg avgårde med dei to små og alt som høyrer til. Kl. 1800 satte me kursen mot Romsa og sidan me hadde gått mange timar med motoren som burde vore på service hadde me avtalt at det skulle selglast uansett denne kvelden. Dessuten var det endeleg duka for dull mot Per Vidar i sin http://www.raunholm.blogspot.com/ Bavaria 36. Men matchen vart nokså ujevn. Bavariaen var grodd og me hadde gummibåt med påhengs på slep. Dessuten lot me det ikkje gå lenge før me drog opp gennakeren når det endeleg var flotte forhold for denne, den har ikkje blitt slitt ut i sommar... Sånn gjekk det når me satte gennaker. No fekk han meir vind på slutten og irriterande nok tok han innpå då! Det var mørkt før me kom inn på nordsida av Romsa og stor var overraskelsen når me vart kjeppjagd frå den ledige plassen i den overfylte havna. Den var opptatt var beskjeden frå BØLJAN BLUES! Slikt høyrer ikkje heime nokon stad og tross kraftige tilbakemelding frå både meg og fruen stod dei på sitt. Trumfkortet var jolle han febrilsk hadde klart å legge i veien for oss før me kom inn... Det var berre å "komme seg bort" var beskjeden frå fruen i båten. Heilt på styr! Me gadd ikkje krangle meir med slike folk og tok heller turen rundt, der fekk me god bryggeplass og angra ikkje på valget. Dagen etter snakka me me fleire andre som hadde truffe på BØLJAN BLUES... Håper du les dette Bøljan Blues, du har dumma deg loddrett ut på Romsa, berre å segla heim igjen til Bergen og bli der...


















Deilige dagar på Romsa














Me kan ikkje berre fiske gråkrabbar og segle med småbåtar... Litt PC-spel må til for å halde på tolmodigheta.














Me fekk flott seilver heim igjen, ikkje mykje vind, men me nytta anledningen til å prøve å segle med cockpitkalesjen og fann ut at dette gjekk heilt fint. Veldig greitt for minstemann å ikkje bli grilla i cockpiten av sola og sjølvsagt fint å kunne sitte oppe underveges for små og store...

























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar