torsdag 14. august 2008

Sommaren - 2008

I morgon er det siste dagene av dei 10 vekene med pappapermisjon (7 veker) og ferie (3 veker). Det er utrulig at 10 veker kan gå så fort. Dette innlegget er eit forsøk på å oppsummer det me har gjort og opplevd med båten sidan den kom heim 3. mai og til no. Så er planen å få dokumentert litt oftare frå no av...

Laurdag 3. mai kl. 0300.
Me fortøyer i Eldøya, ganske slitne etter 21 timers strekk frå Hidra ved Lista. Det vart eit lengre strekk enn planlagt grunna fare for skodd på Sletta dagen etter.

Søndag 4. mai
June og karane får sjå båten for fyrste gong. Den fell i smak og turen går til svigers på Bjoa. Motorkjøring både til og frå pga lite vind og behov for å komme heim så leggetidene ikkje sprekk så frykteleg

Mandag 5. mai
Me stikk ut i fjorden og sett segl for fyrste gong med familien ombord, berre fokka oppe gjer at me lett kan ete middag ombord, farten toppar seg med 5,7 knop i lett vind! Skipperen er fornødd og skipperfrua er ein smule fornødd hu og, sidan det er ho som står til rors.

Fredag 9. mai - Mandag 12. mai - PINSE
Me riggar til i båten for den fyrste overnattingsturen. De tek sinnsjukt med tid og me vurderer for fyrste gong å starte turen med å sove i båten i heime havna, men me kviknar til og legg kursen mot Løkjelsøya. Det er seint og det vert mørkt før me kjem inn, men her er me kjende så det går fint. Turen går videre til Våge laurdagen og til Eggøya via Sandvikvåg og meir mannskap søndagen. Me får liten kuling ved Siglo og fleire syns det er litt drøyt, men båten går fint med 2 rev og delvis innrulla fokk.

13. mail til 30. mai
Det vert mange småturar med båten me rekk både ein tur til Eggøya og ein tur til Bjoa for det er dags for meg og June å segle båten til Stavanger for div reparasjonar. Det viktigaste er bunnpanna på motoren som må byttast og lekkasjen i mastefoten. Utan dette fiksa er det vanskelig å bruke båten til tur. Dette ordnar Nelson, men det tek 14 dagar så etter ein flott tur til Stavanger med Kystbussen tilbake de 31. mai til 1. juni vert båten liggande til 17. juni før me endeleg kan starte på årets store sommarferie. På veg ned til Stavangar snur helle vårt, det vert dårlig ver. Ola spyr i bilen og starten vert ikkje heilt som me hadde håpa.

Stavanger - 12. juni - 25. juni
Hellet ser ut til å snu igjen når me overtar båten igjen. MÅ tinga er fiksa skikkelig, problema ute av verden. Veret vert dog berre dårlegare og dårlegare. Me legg oss inn i Vågen og tuslar i byn i øs-pøs. Det er trivelig eit par dagar, men me vert rastlause og sett tilslutt kursen mot Lindøya, tross dårleg ver og mykje vind. Øya er fin, men me finn ikkje roe med så mykje vind og bølger ved kai. Me går tilbake etter at me har fått lov til å legge båten hos Nelson i helga slik at me kan ta bilen til Kr.sand og dyreparken. Hellet er ikkje med oss her heller, Amund blir sjuk og dag 2 i Dyreparken vert fiasko og turen heim ein prøvelse for den sjuke guten vår. Både han og me andre syns det er deilig å komme tilbake til båten. Mandagen går me til Stavanger igjen frå Hundvåg, veret er dårligare enn nokon gong. Barnevogna står tom på flytebrygga framfor båten og veltar av vinden. Me måler over 30 knop ved kai! Tirsdag reiser mor og barn heim med bilen. Det er lysning i veret, men me bestemmer at eg skal bruke "vervinduet" til å få båten heim. Eg får ein knalltur heim, kuling i Boknafjorden kan vere tøff, men det minkar nok litt med vinden før eg er heilt ute i fjorden. Det vert ein tur der eg for alvor vert trygg på båten, den seglar flott med 2 rev og lite fokk ute, eg er åleine, men har full kontroll i såpass med vind, ca 20-22 knop vind er steady. Dag 2 frå Haugesund til Stord foregår i havblikk.


27.-2. juli
Me sett kursen mot Bjoa og 60 årsdagen til Jan. Eit av mine første møte med Bjoa var 50 årsdagen til Jan så det minnar meg om at jammen har me vore lenge i lag og jammen har ho ikkje halde ut med alle dei ville båtprosjekta mine. Gud kor kan ein finne ei slik dame...??? Veret er ikkje så bra, men me får ei flott segletur ned til Bjoa. Me vert pga av veret liggande heilt til tirsdag 1.7. Fortsatt er det kaldt og surt, men det er ENDELEG meldt fint ver. Me går til Romsa og jammen skin det ikkje opp, ein flott kveld og ein flott dag etterpå. Mykje gummibåtkjøring. MEN, me har gjester i vente og sett kursen heimover på kvelden. Mor og Ola reiser heim for å ordne i huset og hente dei på Flesland dagen etter. Eg og eldste mann, Amund sett kursen til Føyno i knallveret. Me får ein flott plass og går på stranda i fleire timar tross at det er langt over leggetid. Veret er fortsatt knallfint dagen etter og det vert vanskeleg å dra Amund vekk frå stranda for at me skal rekke å treffe Andreas og Gunnlaug med følge på Fitjar samme ettermiddag. Me får flott seilvind aktenomtverst og gjer svært god fart til Fitjar. Amund ser Bie-filmen to gonger!
















2. juli - 8.juli
Me fyller båten til randen av kofferter, mat/drikke og går til Eggøya. Tidlig, tidlig laurdag morgon kastar me loss etter å ha fått pass til ongane. 6 voksne sett kursen mot Bergen og Brann-Bodøglimt kamp. Berre ein av oss heiar på Brann som tross dette vinn kampen 4-1! Det er havblikk. Me går kl. 0600 og kan spegle oss i havet ved Stolmen, det er ikkje mange dagar i året ein kan! Det tek oss 5,5 timar til Bergen, men me har enorm medstrøm siste stykket. I Bergen er det over 30 grader og me veit nesten ikkje kor me skal gjere av oss. Søndagen bringer motvind og meir forsiktig ver. Andreas lærer at det er lett å la seg lure av litt kald vind i fjeset. Han vert solbrendt så det held og går for Vaskebjørnet heretter sidan dei kvite merkene etter solbrillene gjer utsjånaden ganske så lik. Me får opp mot liten kuling i Korsfjorden, litt sjøsjuke hos ein av gjesten gjer at me tek ned seil når me er over fjorden og går for motor til Bekkjarvik. Eit herremåltid (burger-talerken) og eit heftig møte med det no havarerte fartsviduneret til Austevolls store sønn, Klaus Lundekvam tek me med oss på siste stykke til Eggøya. Dagen etter er veret fortsatt dårleg. Kvinner og barn settes av på Fitjar mens guttane seglar heim. Eg trur Andreas og Johannes syntes segling var veldig kjekt. Me toppar 8.3 inn mot Eldøyane med Johannes til rors, mannen med den heller tvilsome CVen til sjøs (iflg han sjølv).

11. juli - 18. juli
Me trong nokre dagar heime og kjem oss fyrst ut fredag 11. juli. Me går til Føyno, det er ikkje like godt ver som sist, men ikkje så ille. Dagen etter går me til Eggøyo, men fyrst til Sagvåg for å proviantere og fylle diesel (10.80 pr liter!). Me seglar frå Sagvåg til Aalfora, det er ein fin seilas, men dessverre vert resultatet at me kjem for seint til Eggøya, mykje skrik frå trøtte ungar er prisen. Me lærte litt, men det var deilig å seile i den lette nordavinden. I Eggøya får båten ligge, men me seglar ein tur til Brandasund med båten full i folk. Nydelig ver no. Så vert det Singelhanded tilbake pga ein legetime, flott tur i ein del vind. No er det dags for mor å begynne på jobb og båten blir dermed vanskelig å bruke.

19. juli - 31. juli
Me to små heime og mor i arbeid vert det plutselig noko meir komplisert å bruke båten, men eit par kompisturar, ein med Per Vidar og ein med Tormod og svoger får me til, veldig trivelig.

1. - 3. august - Hidleseglasen
Me lyt stille på denne, det er ein familieseilas. Fredagen går det ikkje så bra, me rotar til starten i ca null vind, men er litt heldige så me når igjen dei bakerste i feltet som ikkje rota det til i starten. På veg ned mot Hidle er det tydelig at me slit med båtfarten når me berre har sjølvslåande fokk og må selge platt. June jobbar hardt på fordekket for å spri. På bidevind frå Hidle til Fjellberg slit med med storseilet som er for langt i masteliket, dette vert eit problem når det bles opp som det gjorde her ca 6-7 m/s. Men me loggar opp mot 8 knop på det beste. Me kjem inn som nr. 11 av 13 og nr. 10 etter LYS (eg har då rekan med 1,20 i lys). Pga manglande målebrev fekk med 1,50 og vart derfor klart sist, offisielt. Søndagens retur frå Fjellberg går mykje betre, men rundar ved Ilholmane som nr. 5, men får plattlens og slit nedover mot Eldøyane, likevel er me heldige og får noko meir vind ein mange andre og går derfor i mål som nr. 7 hvis ein regnar med 1,20 i lys (ek spinnaker). Overall nr. 9 etter samme metode av 12 fullførande. Meget fornødd, utrimma båt med standardseil.

Etter dette har båten blitt liggande, men har vore to turar i Eggøya der eg fann det best å ta båten til pappa på Fitjar då det fort blir pes med to små åleine i båt, det er ikkje forsvarleg.

Dermed var sommaren fram til 14. august oppsummert. Mykje i båt, men ikkje så heldige med veret, spesielt når ein ser på kor mykje flott ver me har fått i år. Me har heller ikkje gjort dei store sprella mpt spennande stader, det enkle og trygge vart greit å år med Ola som berre var 8 mnd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar