1. Mai: Etter nokre timar på stranda på Føyno, satte me kurs for Bjoa for å hente den nye sykkelen og så til Romsa. To rev og halv fokk var nok i Ålfjorden då me jevnt fekk 9 m/s og ca 6-6,5 knop på ein til tider skarp kryss. På Romsa såg det veldig fult ut, men når me nerma oss vart me vinka inn av trivelige båtfolk frå Møgstrevåg. 15 båtar totalt og yrande liv. Kjekt for både store og små...
02. Mai: Mykje vind natt til 2. mai, skipperen søv alltid dårlig i slikt ver og dermed var det ein stuptrøtt skipper som tørna ut kl. 0700 for å fikse DVDen... Satte kursen heimover i 2 tida. Veret vart betre enn meldt, litt regn på vei. Periodar med god seilvind og over 7 knop tross 2 rev og fokk ute...
Kjempefin tur!
God tur. Kanskje me snakkast. Har planar om å lufta oss og skuta.
SvarSlett