tirsdag 5. mai 2009

Årets fyrste tirsdagsseilas!

Då va me i gong med årets tirsdagsseilasar, og for eit oppmøte, me såg 11 båtar. Kjempebra, spesielt mtp det heller sure veret. Det vart ein frisk tur med både kuling og stilla, regn, hagl og litt sol. Johnny vart også med som mannskap så samen med faderen vart med 3. Det kom godt med i den til tider sterke vinden. Me fekk ein grei start og låg bra ann i våre auge ved runding Hidle, men så begynte probleam. Forsøket på å seile den sjølvslåande fokka på dei nye skjøtene til 108%en som eg pt ikkje har fått vart mislykka, ca 10 grader lågare høge gjorde at me måte på dekk og skjøte om. I kampens hete kilte me eit av dei nye skjøta slik at me måtte fram med kniven til slutt... I svært lett vind fekk me ein artig jakt på Greka (Hanse 371) mot mål som i fjor ser me at desse båtane har svært lik høgde og fart...

Alt i alt ein frisk tur på fjorden der me gjorde oss eit par nye erfaringar som eg trur kjem godt med på Gnuen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar