onsdag 22. april 2009

Måling og gennaker-testing!





I dag var det tid for måling av FRI og CLOELIA. Erling hadde full kontroll og sendte den med mest høgdeskrekk (meg) opp i mastrene:) Det gjekk fint, det var lærerikt og som ein ser på bildene var utsikten upåklageleg. Etter måling var det endelig tid til å teste nyervervelsane, gennakerspyd og spinnakerbom. Eg ser at gennakeren verkeleg kjem til sin rett på spyd i kombinasjon med mulighet for å sette den på bom på lågare kursar. Tross at eg var åleine var det lett å sette begge konfigurasjonane, går ein frå lågare kursar til skapare er det berre ein nipp i bommen og gennakeren halses frå bom til spyd. For meg ser det mykje meir effektivt ut med gennaker enn spinnaker på skarpare kursar og med ein såpass liten forskjell på for- og akterlik som det er på min (sjå bilder) så trur eg ikkje eg taper allverden på lågare kursar... Ca 60 grader mot vinden går fint i så lett vind som det var i dag (2-4 m/s). Vel, om dette er så bra som eg trur akkurat no vil berre tida vise... Det er jo vesentlig om tillegget for gennaker på bom blir 0,01 eller 0,02.

SpinLock på masta var også fint mtp at eg seglar mykje åleine, fint å ha fallet tilgjengelig ved masta. Når då endringa på strømpa til gennakeren no gjer at så godt som heile strømpa no går over gennakeren var dette så nært ein perfekt kveld på fjorden...




Sola går ned over Bømlo, vest i havet... Vakkert!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar