søndag 19. april 2009

Søndagstur...


Laurdagen gjekk i kjekt dugnadsarbeid hos Ole Jakob samt såing av plen til langt på kveld. Det var derfor ekstra fint å få nokre timar på sjøen i dag. Heile familien var med for fyrste gong sidan januar:) Veldig kjekt at Amund fekk med kompis-Håkon. Dagen rant opp med nydelig ver, lett bris, sol og skyfritt. Me la ut ca kl. 1300 og såg at det var aukande vind på veg. Me satte likevel full seilføring noko som sjølvsagt var ganske unødvendig med 3 små ombord, vinden vart uansett enda sterkare enn venta og like før Titelsnes toppa me 7,7 knop på GPSen. Håkon syns det var dritkult med store bølger, me kryssa rett bak Stadsråden på veg over fjorden. Rolegare innover i Ålfjorden, men sidan pølsekoking stod på programmet tok me 2 rev og rulla fokka nesten heilt inn. På veg tilbake igjen fekk med stabilt 10-13 m/s og faktisk vindretning på ca 6o grader. Sjølv med så beskjeden seilføring logga me ca 6 knop, veldig behagelig fart då det hadde bygd seg opp noko sjø og dei to eldste nok berre klarte å høyre litt på beskjeden om å halde seg i ro i le nedenunder. Ein fin tur, der det var veldig dumt å gløyme hua heime, me e tross alt berre kommen til midten av april, iskald vind vart det, men ein flott tur... Investeringa i rev 3 vart igjen svært åpenbart at er fornuftig, allerede i liten kuling er det meir enn nok seilføring med 2 rev inne og familieseiling...

2 kommentarer:

  1. Ja, det var fint på seilføre på søndag. Eg la ein link til sida di inn på nor418.no. Torodd

    SvarSlett
  2. Hei Torodd! Ser utrulig kjekt ut med Melges...for ein fart! Trur det var dåke eg såg i går, bur på Knappane og ser mot Hidle... Har også lagt sida dåkas inn på bloggspotten til FRI:) Snakkast

    SvarSlett