mandag 25. mai 2009

Klart for Seilmakeren!

Det har vore hektisk aktivitet for å bli klar til Seilmakeren, og dessverre har det vore litt fleire problem enn me har sett pris på. Det har i hovudsak gått på lekkasje i vindu på styrbordside og det irriterande faktumet at den nye fokka er for lang i forliket. Eg har ikkje hatt nok tid til å teste dette, men eg har finregna meg fram til at den er lang nok dersom eg tar bort rulla i toppen. Problemet er ett seil med 5 meter spil som skal opp og ned og byttast med den sjølvslåande fokka som også har vertikale spiler. Ikkje lett i kuling så med vervarslet som melder om 15 m/s i mot blir det start med sjølvslåaren, antakelig ikkje mykje å hente på det nye seilet i så mykje vind uansett, problemet vert når det løyar og eller når me kjem i ly der det plutselig blir behov for meir seil ein kortare periode, men slik er det nå ein gong.

Når fyrst vindauga skulle finne det for gått å begynne å lekke passa det fint at Hanse-verftet var på vestlandet for å fikse Hanse båtar. Dei avbraut arbeidet i Bergen og kom sporenstreks ned i dag og har jobba med dette og andre ukritiske ting til seint i kveld. No gjenstår det berre å sjå om limet held denne gongen. Det burde egentlig fått stått lengre for herding, men me kan jo ikkje droppe seilasen helder så her kan me få oss ein overraskelse, løsnar vinduet er det berre å kaste inn håndklede i så mykje vind som det er meldt pt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar