onsdag 20. mai 2009

Sjøsatt!

Båten vart sjøsatt igjen i dag, tidsnok til å få testa det nye seilet og gjort klart div småting kommande helg, før Seilmakeren. Planen er å gå båten til Fitjar mandag kveld sidan eg uansett jobbar der tirsdagar, dermed blir det litt kortare å seile opp til Askøy tirsdag ettermiddag/kveld som blir singelhanded... Ole kjem direkte til Askøy onsdag morgon. Me kryssar fingrane for at stormvarslet til Storm.no ikkje vert noko av, det blir for tøft for oss. Kuling skal me klare, men nei takk til storm...



Opptaket gjekk som planlagt med eit unntak, luka i salongen stod på lufting og dermed rann det inn store mengder vatn fordi båten stod med ein del helling bakover i forhold til når den ligg på sjøen. Det vart fleire timar med tørking då det såg ut som om nokon hadde tømt fleire bøtter vatn i salongen... Utrulig kjedlig, men tross mykje vatn under pentry, bord søyle, puffar etc fekk eg etter mykje styr bort vatn med tryggluft, varmar og varmevifte.... samt intens størking med papir...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar