torsdag 14. mai 2009

Opptak med forviklingar!


Dagen begynte kl 0452 med at to måsar hadde oppdaga posen med rekeskallet som eg nødig ville ha ombord i båten... kl. 0453 var måsane vekke (dei kom ikkje igjen) og eg kraup i køyen igjen. Mønstra kontoret nøyaktig kl. 0900. Etter å ha motorkjørt frå Føyno til Leirvik havn. Ettermiddagen skulle brukast til opptak i Sæverhagen, men det gjekk ikkje pga at krybba vår er for brei (også på minimum som eg uansett syns er altfor smalt). Her må du ha ei smal krybbe fordi vogna som tek opp båten må gå utanfor krybba evt må ein fyrst sette opp båten med støtter og så sette opp krybba etterpå. Men me var heldige, opptaket på Eldøyane var fortsatt ikkje slutt så me rakk tilbake til Eldøyane tidsnok til å få båten opp der.
Her er båten endelig på land i nykrybba, den er veldig fin, men krever omtenksomhet og mange folk når båten skal settast.
Litt skjegg i vannlinja og eit tynt lag med slim er alt som var etter 1 år i sjøen. 3 strøk med VC17 gjorde altså susen...

Merkelig at den eine sinken er nesten tært bort, mens den andre ser ut som ny. Sidan den er skrudd fast i drevet kan eg ikkje forstå at det ikkje er kontakt... Dette må undersøkjast nermare...





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar