onsdag 17. juni 2009

Ilen på plass i Eggøyo!



I ein sur sønnavind fekk me ilen ut i kveld. John Leon Waage fiksa den biffen sjølv om han måtte gje opp det store loddet. Det enda med to små som totalt er litt mindre enn det store, men det er nok meir enn nok uansett. Vel, no er det greiare å ta turen til Eggøya, no kan me la vere å okkupere halve flytebrygga og bles det opp slepp me å løyse tamp og gå heim...
Til slutt, stor takk til Vidar som har skaffa både, bøye, tau og kjetting/sjaklar gratis!!!

2 kommentarer:

  1. Det blei jo veldig bra! Synd eg var ikkje var heime i dag. Hadde vore veldig kjekt å vore med på operasjonen sjølv om det var surt vèr.

    Knalltøff blogg forresten! Var ikkje klar over den. Skal besøkast jevnlig.

    SvarSlett
  2. Takk, takk. Her blir omtrendt alt som gjeld båten skrevet om. Ingenting anna:)

    Godt me fekk ilen ut no, lett for at slikt blir med tanken... No gjelde da berre å finna tid til å få brukt han. Trudde me sku utøve i helgo, men så ska visst Amund til Halsnøy på laurdag... alltid nåke... Du får slenga deg med på ein regatta ein gong, da e knallkjekt...

    SvarSlett