fredag 31. juli 2009

Hidleseilasen 2009 - Del 1

9 båtar stilte til start i årets Hidleseilas, av desse var heile 5 utanbygds frå, veldig hyggelig, men eg skulle jo gjerne sett fleire frå Stord med på denne familieregattaen der nokre har jolle på slep og det er ikkje lov å nytte gennaker/spinnaker! Likevel, når starten går ynskjer nok alle at det skal gå fortast mulig, iallefall gjorde me det og syns det gjekk over all forventning i dag.

Her fylgjer bilder og, til meg og vere, eit kort resymee av del 1. Så er det berre å gle seg til søndag og del 2!

'









Eg og faderen fekk ein flott start og runda faktisk Ystøya som fyrste båt, det er fyrste gongen. Åsmund med Blåfugl og Sigurd i Amalie tok oss igjen og ved Hidle runda me som 3. båt. Odd kom opp og var forbi ein periode ved Hidle. Det ser ut til at båten hans sklir betre i heilt lette vindar, ellers har han eit knep me ikkje kan... Vel, i 3-4 ms nedover mot Fjellberg klarte me likevel å halde unna og segla inn som 3. båt noko me håpar og trur også vart plasseringa etter korrigert tid. Me er stornøgd, sjølv om dette fyrst og fremst er ein tur-regatta er det artig å endeleg kunne komme litt oppover på listene noko me i stor grad må tilskrive det nye seilet. Me seilte tilbake også i 2-3 ms og fekk testa ein del i ro og fred. Eg er svært nøgd med 4 til 4,5 knop på kryss i så lett vind. Sjølvslåaren har vore eit mareritt i under 3-4 ms, no gjenstår det å teste mot andre i lett vind. Før ferie fekk me erfare at FRI også går betre i mykje vind med det nye seilet. Eg trur forskjellen er enda større i så lett vind som 2-3 ms.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar