fredag 31. juli 2009

Til Eggøyo og heim



Passordet på mobilen har låst seg og dermed vert det dårlig med blogging undervegs. Me seilte frå Vinnesvågen måndag og gjekk til Eggøyo der Vidar m/fam og bestefar var. Over Selbjørnsfjorden var det kun flauvind, men pga det korte strekket valgte me å seile. Det blåste opp på slutten og fortsatte å blesa. Onsdag morgon reiste me heim, då hadde me opp mot liten kuling og det var litt pes å komme seg ut, vanskeleg å snu innpå vågen med så mykje vind rett inn. Bakking ut på vikjo vart også litt pes med ganske så svære sjøar som slo hardt i/under hekken, men det gjekk sjølvsagt greit... Eg hadde tenkt å seile, men med 15 ms rett i mot enda det med motor heile vegen, det løya på slutten, men regnveret gjorde at eg valgte motor heile vegen sjølv om eg var åleine. Vel, no er det fredag og dags for Hidleseglasen, ikkje noko særleg fint ver no, men det skal visst nok betre seg... Som vanleg er det vanskeleg å fange vind og bølger på bildet, men det var berre med Ringholmen det var oppe i 15 ms, resten av vegen var det 20-25 knop.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar