lørdag 3. oktober 2009

Opp og ned i Windjammer 2009

Me revna gennakeren, men vart likevel nr. 2 i DB klassen i årets Windjammer. Det gjekk i periodar bra, men på dei strekka der ein måtte ty til maksimal høgde sleit me litt, i ettertid trur me dette må ha vore pga slakt forlikt på fokka. Det vart stramma før start, men må ha hengt på eit eller anna vis slik at det tross stramt forlik ikkje var heilt oppe for når me runda Illholmane var fokka veldig slakk... Seilet vart bytta rett før start og dermed ikkje testa, noko me burde. Uansett, det var ikkje så veldig stor del av regattaen der full høgde var nødvendig!

Me fekk erfare at det er krevande å seile doublehanded utrente og i litt vind. Stortsett var det flott vind, men det auka godt på før siste jibben ved Ystøya, ca 8,5 knop båtfart gjorde at me begge var skjerpa før siste jibb, utan at det hjalp så mykje:), gennakeren tvinna seg rundt forstaget, me bakstra ei stund for å få orden på den igjen, men måtte gje opp. Plan B var å ta den ned, men den satt bom fast i toppen og dermed måtte me til med Plan C, tvinne den rundt forstaget for å ta vinden ut av den, men over hovudet på meg løsna gennakeren medan eg haldt på med dette! Enden på visa var at den gjekk i sjøen, strømpa fungerte som eit digert drivanker, det vart bråstopp og nylonstoffet hadde ikkje sjans, ratch... Ingen god lyd! Undervegs sleit me veldig med å segle forbi 320en Vito, den er identisk, men 3 fot mindre. Me føler at dette er ein peikepinn på at me har ein del å gå på. Iflg Polardiagrammet på desse båtane skal 350en gå ca 2 tidelar raskare på kryss og ca 0,5 knop raskare på bidevind og lågare. Noko raskare går me då me tok ca 200-300 meter på den frå Fluholmen til Illholmane, men det var før me fekk ein kjedelig broach der båten gjekk så over at me bakka fokka og tapte heile innhentinga! Eg innser at det er for krevande å segle DB med skjøte på hyttetaket, det blir veldig mykje vinsjing og heilt feil posisjon for den som styrer seglet. Avtagbar løygang i cockpit blir no vurdert, dette er også veldig greit å ha ved singelhanded seiling som det blir ein heil del av...:) Vil likevel behalde skjøte på hyttetaket til familieseilinga...

07.10: Har snakka med Karl-Otto Book hos Seilmaker Iversen som seier at gennakeren skal vere kurant å fikse for ca 1.500,-. Det er gode nyhetar! Kanskje er den klar til Klasen allerede også:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar