tirsdag 6. oktober 2009

Haustferie!








Mandagen i haustferien hadde me bestemt at skulle bli ein kombinert båt- og fjelltur! Borgunøy og nuten kalla, vermeldingane på YR.NO såg veldig lovande ut. Flott ver over fjorden med fokka ute og halv fart på motoren gjorde at me skar vannfalta i 6,5 til 7 knop! Johnny hadde tatt med seg Ole og Vilde i nybåten og fulgte med til Fjellberg, dvs dei låg å venta i sundet når me omsider kom dinglande:)

Den fyrste vanndråpen kom i det eg fekk på meisen. Men me trossa veret som kunne varte opp med både hagel og regn i konstrast til den digre sola på YR:) Me kasta handklede halvveges, men syns me hadde vore flinke og ongane imponerte stort, spesielt Amund som gjekk sjølv. Minstemann satt i meisen noko underteikna merka i skuldrene, pluggen e jo blitt 2 år og 15 kg... Med oss på turen fekk me ein gul og fin katt som va te stor glede for små og store. Motivert av ein kjeks og to haldt den det gåande heile vegen, både opp og ned.

Nere igjen vart det tørre klede og pølser i brød i ein varm båt! Når me skulle kaste loss var det langt over stengetid, men med vindstille og svært lite diesel på tanken måtte me sjå om det var mulighetar for diesel. Sjølvsagt ordna mr. Fosse dette, glirmande service til etterfølgelse, dongs eller ikkje:) Ein flott dag på sjøen som nok hadde enda med overnatting om meldingane for tirsdagen hadde vore betre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar