søndag 7. november 2010

Følg Anton i sin Hanse 400 påveg heim frå Tyskland!

Anton frå Moster på Bømlo har kjøpt ein ny Hanse 400 og er no på veg heim frå verftet i Greifswald. Dei starta på onsdag der dei allerede nedover elva til Wick gjekk i eit garn og havna i politiavhør! I beste Andøystil, men det gjekk bra, fiskaren fekk skylda for å ha satt garnet feil. Det er jo berre 3,5 meter djupt nedover elva og veldig smalt så ikkje lett å sette garn i ei elv full av seilbåtar med T-kjøl!

Vel, det har gått bra videre, men dei har hatt friske forhold, båten har fungert fint, men fått kjørt seg i sterk straumsjø og kraftig kuling midt i mot oppover langs vestsida av Sjælland, dessutan er det kaldt, ca 5 grader!

Dette står i sterk kontrast til vår fløteseilas for vel 2 år sidan med medvind og flott temperatur absolutt heile vegen!

Veret er i dag bra, men i morgon og tirsdag er det meldt storm i Kattegatt så eg vil tru dei vert liggande i Grenå eit par dagar, dei har kurs mot Grenå no, i lett vind, for ein gongs skuld!

Følg turen hans heim på Baatplassen.no. Inntil han får ICEen til å fungerer rapporterar eg for han via SMS:

http://baatplassen.no/i/index.php/topic/74815-hentetur-tyskland-norge-hanse-400/page__st__20__gopid__1053544#entry1053544

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar