onsdag 10. november 2010

Ny badeplattform - Hanse rydder opp, igjen!




Ja, utrulig nok kom det i dag ein kar frå FjordSailing med ny badeplattform, denne har me venta på i 2 år. FjordSailing er no ny importør av Hanse, dei har overtatt etter FjordBoats som nylig overtok då Nelson Marine, som me kjøpte båten av for 2 år sidan, gjekk konk.
Det er klart at når vår importør har gått konk er det berre goodwill som gjer at me fortsatt får hjelp, spesielt når båten no er 2,5 år. No er det berre småting igjen, men det var skikkelig kjekt å få ny plattform, den forrige fungerar, men er sprekt pga ho rett og slett er for svak, eit kjent Hanse problem. Dette var tilvalg og kosta kr. 8000,-!
Då gjenstår det å få ei ny luke og så nokre karar i april/mai for montering av den nye platforma (som på bildet ikkje har fått teaken på om nokon lurar) og nokre små luftblemmer i cockpit... Videre fekk eg UV-bestandi tape til å tape over der vindauga er limte. Slik skal ein hindre at vindauga løsnar på nytt... Beste å få det på sjølv om det ikkje er så fint...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar