søndag 26. desember 2010

Til lands og til vanns - årets siste seilas!

Nydeleg vintervèr i dag, 2. juledag, 10 minus på Lundastølen så det vart ikkje den lengste skituren på oss og karane i dag, men ein flott tur. Tross kulden tok eg ein tur med båten etterpå. Temperaturen (6 minus) er det lett å kle seg mot (boblejakken gjer underverk), men det vart naglebit av diverse operasjonar der handskane måtte av... Fyrste gang seilet har vore frosse fast i foldane, skjøter og fall var heller ikkje veldig medgjørlige som ein ser, men ein super tur på fjorden i fint nordavindsdriv vart det... Med varmaren på heile turen var det god lunk i salongen når båten var fortøyd igjen i skumringa, det finnes ikkje betre tid og stad for ein kopp kaffi enn då:)










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar