

Etter å ha blitt abonnent også på Seilmagasinet (Seilas frå før) leste eg i siste utgåve om korleis kle seg for vinterseilas, Boblejakke var eit godt tips, liksom litt feil å ta med ombord, men absolutt dugande klesplagg når seilasen ikkje er av den fuktige sorten.

Seilmessig vart turen rolege, maks 3,5 knop båtfart i heilt lett østleg bris. Det stilla heilt av ved Tittelsnes så motoren fekk blitt gjennomvarm på veg heim igjen, det passa fint, etter 2,5 time på sjøen. Flotte vinterkledde fjelltoppar her frå "ståvegolvet" og Kvinnherad fjella...
Håpet er at det skal bli eit par turar til før eg dekker til båten og skisesongen startar for fult etter jul. I 2011 med åremål på ei lita koje på Vågslid vert det enda mindre tid enn før til båtbruk på denne tida og erfaringsmessig vert det ikkja mange mulighetane heller i januar til mars... Men etter påske er det båt som gjeld igjen...
Her er det nye bordet, det ser fint ut og jakten på det perfekte og rimelege opphenget fortsett... Det endar vel med 3000 kr beslage frå Jefa (leverandør av pidestall, men det irriterar meg at det skal vere så dyrt). Det hastar uansett ikkje enda... sjøl om det vart lunt og godt under kalesjen med varmedysa ute tross ned mot null grader!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar