mandag 13. juni 2011

Åreidbukta

Det vart litt for festligt for oss på Store Ulvesøy utover søndagskvelden. 8 Bømlabåtar i fylgje kom tidleg på dagen, kjekke folk, men når ein overhøyrer kommentarar som at " synd me ikkje fekk vere åleine" så vert det fort mindre kjekt, her var det sin gjeng som skulle kose seg saman og ikkje med andre. Utpå kvelden vart det noko sjefing og ordrar om flytting av våre båtar fordi det kom iallefall ein Princess 58, og kanskje enda fleire. Då kasta me loss. Sjølvsagt skal ein gje plass, men her var det nokon som eigde plassen:) Åreidbukta var ein stor positiv overraskelse, flott plass med sandstrand, bakke og benkar. I elva vart det mange barkebåt konkurransar. Kjempeplass for ungane. Synd me må på jobb i morgon:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar