søndag 12. juni 2011

Store Ulvesøy med Sirup!

Endeleg ei helg med antydning til sommarver, laurdag ettermiddag la me kursen mot Børøyfjorden og Store Ulvesøy som me lenge har tenkt å besøke. Denne gongen med Sirup, tidlegare Draum til Ole Jacob. Me satte seil med 2 rev i den sørlige brisen me fekk rett i mot og fekk ein fin kryss før me runda inn Børøyfjorden. Flott plass her med flytebrygger og grillhus, heilt åleina fekk me det og, utpå kvelden kom venner av Sirup og det vart rett så triveleg utover kvelden:)
Sendt fra min HTC

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar