onsdag 18. april 2012

Tid for utsett

Både tidleg og effektiv vårpuss i år, fem dagar etter opptak vart skuta igjen plassert i sitt rett element...

Silje, Tind og Moja skein om kapp saman med FRI når dei vart slept utpå igjen i kveld. Nokon med litt blankare propell enn andre;) Vel, blankt nok på FRI også, sjølv om eg er programforplikta til å sei at eg er litt misunnelig på Roy og Øystein N som har litt blankare propell... Kjekk vårpuss med mange "velmeinande råd" frå konkurrentane, hehe...

Lulu gjekk opp den sameigde krybba vår samtidig som Chablis og Sølfest samt ein diger Bavve frå Halsøyo no står til tørk... Godt det er gjort samtidig har seil og kalesje frå vask og stell heime!



Blank, men ikkje blankast altså:)
"Snilt" bunnstoff i nærheten av aluminium, ingen vits å ta
sjansar...
FRI vart alvorlig baktung ut igjen, her var noko forskjellig
frå opptaket, tipset er lengre ledd i kjettingane på
den nye kranen. Absolutt best å ha samme utstyr opp og
ut...


Fri er født klar, som Øystein N pleier å sei...
Her kjem Lulu på land etter to år på sjøen...




Det vart sein kveld for Chabli som sistemann kom opp




Hardt å vere seilbåteigar... Det vert garantert ikkje lys kalesje
sprayhood, lazy bag etc når dette skal byttast ein gong...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar