lørdag 8. september 2012

Bergen Singlehanded!


Då e min andre BS gjennomført og årets opptreden stod på ingen måte i stil til fjorårets!

Oppsummert så sleit eg i starten med å bestemme korleis eg sku seila. Høyde eller fart? Fart gir høyde, men eg vart for gjerrig og det vart verken eller utover! Frå Marsteinen, ut til bøyane og tilbake til Marsteinen gjekk det greit sjølv om det vart litt lite trykk på slutten før søndre merke, uaktuelt med gennaker pga stor dønning.

Etter Marsteinen hadde eg fått ei bra luke på ein del båtar i samme klasse, sjå siste bilde, eg suste forbi både Lipse og Båten Vår der ute og hadde minst ei nautisk kanskje meir...

Kva skjedde?

Jo når du har to gennakera så har du samtidig fått eit nytt problem, kven av dei skal du sette? Jo, eg gjekk for rullegennakeren, men det var ei feilvurdering!!

I det den var satt innanfor Marsteinen var det rett, men kanskje berre ei nautisk lengre inne vart det djupare og djupare og eg visste eg sku ha bytta med ein gong, i staden valgte eg å drømma meg vekk i ein ide om at da kom te å bli meir nordlig og dermed skarpare innover! Latskap og passivitet!

Det som skjedde va at da blei meir vestlig og eg blei tvungen til å skjere inn mot Sotra for å halde trykket i den flate code 1en, inn ved land var det jo ein periode fin driv, men så døyde det ut, dobbel tabbe... Så fekk felte bak vind og vips kom 5-6 båtar med spinnakeren og seig forbi!!! Kjipt, men sjølvforskylt slutt på ein flott regatta!


Som i fjor har BS tatt mange flotter bilder, eg tillet meg her å gjengje dei!



Foto: John Elter, friskt ved Marsteinen på veg utover

Foto: John Elter

Foto: John Elter

Foto: John Elter

Foto: John Elter

Foto: Bergens Seilforening, her frå starten, genao 3 er ikkje optimalt
og eg slit kraftig med å helde følge med genao 1 båtane...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar