fredag 21. september 2012

På måfå te Sæbøvik!


Endelig er kroppen 100%, det er lenge sidan eg har hangla så lenge. Når då vêret også slo til med sol og skyfri himmel avspasserte eg to timar, ordna eldstemann klar til bursdag og stakk sporenstreks til havs i nokre stjåle timar. Heilt utan mål for turen (utanom å få tørka seila) havna eg innom Sæbøvik før eg innsåg at eg måtte legge kursen heimover.

Fantastisk seilas over med 12-19 knop vind, full seilføring og 6,5-7,5 knop båtfart med kurs 35-40 grade apparent wind, godkjent, det er veldig mykje å hente på cunningham når vinden går over 15 knop. Utan ville ein måtta reva for å sleppe å kjøre storseilet heile tida...

Dabba litt av no på returen, men held jevnt 6,5 knop med passe stikk i skjøtene...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar