tirsdag 16. juli 2013

Fartøyvernsenteret i Norheimsund

I dag hadde me Fartøyvernsenteret som mål!

Det var veldig kjekt og interesant, ungane likte seg også veldig godt og både far og ungar storkoste seg i "spikkebåtavdelingen". Iflg June brukte me fryktelig lang tid, men farkostane måtte jo testast og justerast også!!! Da tar tid å bygga båt, eg vil sei at to på ein time, ferdig med sjødyktighets test e rimelig kvikt;)

Ellers va da kjekt å sjå og lesa om HSD historien ombord i ferja, Folgefonna. Der var også film frå tida då båten var einaste framkomst middelet her inne. Tenk å seila med båtar som ikkje kunne krysse, her inne! Du verden for ein tolmodighetsprøve det må ha vore!

Trebåtar er flott og da e fint at nokon tar vare på slik og byggetradisjonar, her får ein sjå alt medan håndverkerne driv på!

Ellers va da kjekt å sjå igjen ein god kjenning frå barndommen, oppfyringsdiesel, 5-9 hk Sabb semidiesel. Da va tider, eg hugsar enda eg vart lettare livredd når den skulle startast og ikkje minst at me måtte ause båten ei veke etter kvar tur sidan det rista så veldig at båten byrja å leke etter kvar tur:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar