mandag 15. juli 2013

Sundal og Norheimsund!

Da enda med 3 døgn i Løkjelsøya! Ikkje akkurat planlagt, men trøbbel med ankring i Tveitavågen gjorde at me måtte forhala utpå kvelden og gå tilbake til Løkjelsøy saman med Alf og Hege, fredag kveld. Lørdag tok me Jodaen deira og gjorde Sæbøvik utrygg! Etter at Alf og Hege måtte heim å sjå om buskapen fann me ut at me heller gjekk innover søndag morgon enn lørdag kveld.



Lat fokkeslør innover fjorden, her treng ein ikkje justere kursen kvar time nei!
 

Kl 1100 satte me seil (fokka) mot Sundal, det er ca 30 nautiske frå Løkjelsøya og det gjekk unna på litt under 5 timar. Vind i ryggen og lav marsjfart på motor (2200 o/min) gav grei fart og lite støy for dei som stort sett holdt seg nedenunder og såg på DVD. Dei dukka kun opp i cockpit når mora diska opp med pannekaker:) MEN, motorseilas med lavt skydekke i Hardangerfjorden kan ein ikkje vente at ungar skal synes er spanande så heilt ok, rett og slett vart det mykje skryt å hente for dei håpefulle etter 5 timar heilt utan krangel eller klaging:)


Heilt stille når me ankom Sundal og einaste ledige plassen ved flytebrygga var ytterst, det fann me ut at det var ein grunn til, ut på kvelden. Som ut av ein sekk kom det ein kuling og du hendelse for eit spetakkel med kaien, tre baugtau reduserte røkkinga, men eg sakna strekkfiskane frå heimebrygga. Det vart ein urolig kveld ved kai. Om natta løya det, men kl. 0630 var det på han igjen.

Vel, litt utpå morgonen roa deg seg litt igjen og me kjøpte fiskekort og la i veg mot Bondhusetvatnet. Fantastisk flott tur opp til vatnet, me kjøpte kort for både elv og vatn, ungane fekk kvar sin småfisk og det var det! Ein tur som anbefales, men med djup kjøl og med ein del båtar i havna må ein vere førebudd på dårlige forhold i havna, iallefall er det vår erfaring, men det går også å fortøye mot kaien i le for vestlig vind, det skulle me gjort, men pass opp for fortøyningane til flytebryggene om du legg hekken inn iallefall.

MEN, Bondhusvatnet og Bondhusbreen var verdt det, eit stykke nasjonalromatikk på sitt aller beste!

Flott veg opp til Bondhusvatnet, synd sykkelen står heime
 
Fiskelykke, to stk på 1 hekto kvar gir altså ein kg pris på 500:) med fiskekort på kr. 100,-:)

Dette må opplevast!
 
Eg slappar ikkje av i slike forhold og syns det var deilig å sleppe fortøyningane og gå ut Maurangerfjorden igjen, me hadde maks 28 knop på vindmålaren på veg ut så det var svært så friskt, men forholda skiftar på minutter. Innover mot Norheimsund låg det på laber til frisk bris, me motorseilte igjen, men rulla inn når det vart heilt platt for spinnakerbommen å spri med ligg sjølvsagt igjen heime...
 
Det er øspøs ved kysten, men me har ikkje hatt veldig mykje regn, fotsitt skydekke er det, men vakkert likevel
 
Lojnestangen

Ankomsten til Norheimsund var veldig positivt, eit flott strandområdet er laga til i nyare tid og bryggene hadde jo enormt med plass og det var deilig å fortøye i rolege farvatn igjen. I dag er det fartøyvernsenteret i morgon Steinsdalsfossen før me sett kursen mot Herand, ei lite bygd på andre sida av fjorden med prisbelønt havn. Jondal står også på kartet før me sett kursen utover fjorden igjen. Antakelig blir det stopp i Rosendal før me igjen planlegg å treffe Alf og Hege. Me skal også til Austevoll så det blir nokre nautiske på kryss og tvers i år...

Nytt flott strandområdet, i dag var det nesten badevær også!


Norheimsund!
 
Flott havn og ein kar som var klar for å sjekke ut byn!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar