lørdag 20. juli 2013

Herand!

Etter litt fisking og ein laaang gummibåt-tur med gutane, bortom nokre av dei mange fossane i fjorden, satte me kurs ut Fyksefjorden, over Hardangerfjorden til Herand. Ca 9 nautiske mil.

No fekk me endelig sjå vakre Hardanger! For eit skue!

Frisk vind i fjorden lova litt dårlig for havneforholda i Herand, men me skulle berre stoppe nokre timar for is og avslapping før me gjekk til Jondal for kvelden.

Herand har fått ein pris for si flotte havn og havneområde. Det var lett å forstå for dette var ein nydelig plass, men eg tippar dei som gav prisen kom i bil, for havna ligg svært ope til for alt av vind frå sørvest til nordvest! Men me låg fint og fekk både is og litt bading før kursen vart satt mot Jondal:)

Betre bilder kjem seinare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar