mandag 22. juli 2013

Jondal!

Vårt opphold på Herand vart kort, men plassen var flott og me skulle gjerne overnatta der om me ikkje hadde planar om å komme oss til Austevoll til søndag.

Me gjekk mellom land og Herandsholmen på veg til Jondal. Ein flott holme, men med "privat" på bryggene såg det litt utilgjengelig ut. Ein time etter klappa me til kai i Jondal. Ein kort tur på land og eit par liter med bensin på Jollo vart brent opp i løpet av kvelden. Eg g Amund var på elvesafarie med jollen, me kom ganske langt opp i elva, før far byrja å bli bekymra for propellen. Då var det betre å stoppe motoren og reke ned elva igjen.

Her ser me landsida ved Herandsholmen, betre bilder frå fotoapp kjem seinare.
Hengekøya me kjøpte på Sæbøvik kom plutselig til nutte og vart umiddelbart svært populær:)
Dagen etter tok me bussen op til Folgefonna, me stod ikkje på ski og tok samme buss ned igjen, men det var ein fantastisk tur likevel, meir spektakulær busstur skal du leite leng etter. Bussjåfør Godtskalk, jepp det var navnet, var eneståande. Han skulle no kun ha betaling ein veg når me skulle bes med samme buss og han kunne vente på oss i 20 min der oppe enda ruta gjekk ned igjen på direkten. Herlig å treffe slike fantastisk kjekke folk. Han hadde mange historiar om mykje og fortalte om to østlendinger som hadde tatt turen i egen bil. Dei hadde nekta å kjøre ned igjen så dei som dreiv senteret måtte kjøre ned bilane deira:) Men vegen var veldig smal og heilt utan autovern så at det er trygt å kjøre buss opp der er eg smått tvilande til, men det har gått bra til no og Godtskalk var ein sindig fyr som brukte lengre tid ned enn opp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar