søndag 28. juli 2013

Hidleseilasen


No er endelig bloggen ajour igjen etter 5 nye innlegg dei siste timane. Eg brukar bloggen som ei loggbok og lagar derfor alltid eit innlegg kvar gong me forflyttar oss med båten:)

Det er litt hektisk heime, mykje ugjort etter to veker på tur og ungane skal no søndag 10 dagar til NordNorge med besteforeldrene så ikkje mulig å vere borte lengre enn at eg fekk seilt fredagen, søndagen blir det ikkje noko returseilas på meg, men det vart ein flott seilas på fredag i supert ver og fin vind. Alltid kjekt å sjå Karmøybåtar i denne seilasen, to båtar derfrå denne gongen:)
Eg fekk ein grei nok start, men som mange andre bomma eg litt på at vinden løya rett før start og fekk ikkje noko skikkelig sig i båten. I slik vind saknar FRI eit større forseil, me sleit med det heilt ned til runding Hidle, ekstra ille blir det på platt lens som me fekk siste halvdel ned mot Hidle. Derfrå og over holdt eg bra følge syns eg og kom i mål som tredje båt på korrigert tid, bak Amalia og Blåfugl, men føre Matchen:) 10 båtar starta, 3 var i tur og Odd i Linnea var også føre meg i mål,
men den stilte i TUR pga manglande målebrev.

Eg måtte heim på direkten, men tok meg tid til å seile bortom Davide, Maujo og Christoper i Alhena, hadde dei rukke starten, kunne det blitt ein bra plassering:)

Flott kryss heimover, eg fekk testa ut den litt slakkare riggen, eg slakka den litt i Eggøya og det syns eg gjorde godt, båten er veldig bak tung no, tom for vatn framme og mykje dill bak, men eg syns den nye settinga gir meg flater storeseil med hard stramming av akterstsget samt djupare seil og dermed meir moment gjennom bølgene enn før...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar