søndag 4. august 2013

FestiDalen

Fredag ettermiddag satte me kurs mot Uskedalen og FestiDalen. Ungane er i NordNorge så det kunne ikkje passa betre. Frisk vind meldt, men med fantastiske 28 grader susa me innover med 2/3 fokk ute og storen nede, 17 ms i det sterkaste vindkastet gav 9,5 knop båtfart:)
Fredag og lørdag var det div aktiviteter med DNB, så June sin kollega, Henning var med innover og fekk sin fyrste seiltur:)
Fredagen vart det litt for "hard" musikk for meg, veldig synd at Razika måtte melde avbud, det hadde gitt større variasjon.

Om natta var det meldt ekstremvær, men skikkelig ille vart det ikkje før på morgonen! Fyflate for eit vær, skrekk og gru om me hadde vore mange båtar utanpå kvarandre!!! På veg inn på fredagen stid Erling Tyse på moloen og vinka oss på innsida av moloen, der låg me godt og i godt selskap attmed dei, kjekt:) Eg trudde ikkje det var plass der, men det gjekk, litt korte uteriggarar i slikt vær, men dei holdt!

Eg såg 35,2 (17-18 ms) knop vind i ei hard råse, men enda heftigare byger kom etterpå! Aldri har me vore på tur i verre ver!

Søstrene inviterte absolutt alle i Uskedalen te frokost, med eller utan dagspass, utrulig bra! God mat!

Lørdagen gjekk med til talentkonkurranse der onkelbarnet mitt Katrine var med halvsøstra si som sang the Rose, berre 10 år! Veldig flink!

Lørdagen starta med New Brian kl 17, kjempeoverraskelse! Så var det middag før kongen entra scenen, Morten Abel! Mannen e fantastisk og denne gangen var humøret på topp, veldig bra sjølv om eg sakna mange gode sangar!

Etterpå kom Lars Vaular og Oslo Ess, også veldig bra, White Lies kom te slutt, litt surt syns eg, men byrja å like det mot slutten:)

Alt i alt ei topp helg saman med fruen:)

Jawbone big box vart forresten kjøpt inn nyleg sidan det aldri kom stereoanlegg i FRI, kjempe produkt, Bluetooth streaming, 15 timer batteritid og veldig god lyd, størrelsen tatt i betraktning. Blir kjekk på leiligheten og heime også:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar