lørdag 27. juli 2013

Mot Austevoll

Etter Folgefonna la me ganske raskt frå kai, 50 nautiske låg framfor oss. Planen var å gå te Rosendal om ettermiddagen og så ta dei siste 30 nautiske etter at ungane hadde sovna.

Turen utover Hardangerfjorden kunne ikkje blitt bedre, så uendelig vakkert og det er berre å gi seg i augene både over naturen og det faktum at me endelig skulle få knallver medan me hadde ferie!

Me stoppa opp ved øya Sild utanfor Varaldsøya, her skal det være eit friområde med brygge, men me fann det ikkje. Antakelig på sør-aust sida så me fortsatte te Rosendal
Det var litt sjokk for oss å komme til smekkfull havn etter ei god veke med veldig god plass, men mange hadde trekt  litt innover for å få mindre vind og meir varme. Her fekk ein full sommar temp. Ungane svømte for første gang i norsk sjø og me grilla i baroverkropp. Eg la meg samstundes med ungane og sto opp 2330  og la i veg, først i fantastisk sommar ver nedover til Huglo

Men frå Jektevik vart det iskalde tåkeskyer og opptil 26 knop vind, eg måtte sjekke værmeldinga ein gong til, og joda, tåkeskyer og vind var meldt, eg angra litt der eg hutra i shjortsen min, men fram med ullkler og hua så var det ikkje så ille. Over Selbjørnsfjorden roa det seg, og eg fortødde i vindstille nedanfor hytta til Wenche og Tore i Vestre Vinnesvågen. Kl 0445 drog e dyna over hovudet, vel fortødd og lys våken etter minst to liter kaffi på turen:) Ungane sov heile vegen så målet vart nådd:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar