fredag 7. august 2015

Ferie del 1

Dei store planane om Sørlandet gjekk i vasken av ustabil værtype. Me fann ut at me ikkje ville langt vekk når været kom til å bli dårlig. Visst kunne det blitt ein fin tur og skiftande vær gir jo fint vær innimellom, men alle må ha lyst. Push i båtverden føre lite godt med seg. 

Me tok derfor berre fyrste veka i båten, ok ver, men du verden så kaldt...
Fyrst til Eggøya, med litt jollekjøring for alle ungane som var der, her er Ola i sving
Litt fisking vart det tid til med besteforeldrene, 2 skater og lite anna:) Skatene sett me ut der me får dei!
Så gjekk ferden videre til Bekkjarvik, sidan planen var Bergen. Me seilte over, enkelte syns det var for mykje vind, men neppe meir enn 6-7 ms, kanskje me seile for lite?

Vel, me vart enige om å seile mest mulig denne gongen sidan me ikkje skulle langt, sjølv om det nok berre var 6-7 ms over Selbjørnsfjorden var det "drit" kaldt så mannskapet kraup saman i cockpiten:)

Amund i sving i Bekkjarvik, flott havn med mykje båt:)

Me fann så ut at med 8-9 grader freista det med litt høgare temp, me har tidlegare opplevd stor forskjell innover så me droppa Bergen og gjekk mot Vinnesholmen i håp om nokre grader meir der. Vinnesholmen i Fusa har mykje å by på og det er langt flott til rett for gjester, me likar oss veldig godt der:) Tredje gangen me er der no

Flott strand, god havn med straum og vatn, tur- og fiske muligheter. Dessverre var det sur nordavind der også denne gangen, men litt finvær innimellom fekk me dei to dagane me var der.
Her e me på oppdagelsestur med gummibåten til Skåtholmen, rett utanfor Vinnesholmen!

Fredag gjekk me tilbake gjennom Lokksundet, det var meldt drittver så me valgt å gi oss mens leken var god og satse på biltur istadenfor...

Rett før me var heime kom været som meldt
Ein får ikkje gjort mykje med været, men det var ikkje dette me hadde sett for oss... Håpet var at den siste veka av ferien skulle gje oss nokre fine dagar, men...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar