fredag 7. august 2015

Tirsdagsseilas - 1. Haustseilasen

Bilturen varte i 2 veker. Me kom heim søndag. Abstinensene var tunge og når mandag kunne skilte med skikkelig fint ver, var det ingen vei utenom, eg pressa inn ein kort kveldstur!

Litt overraskande såg eg at me hadde starta Tirsdagaseilasene ein veke tidleg enn normalt i år så tirsdagen var det dukka for første haustseilas, øspøs i starten og ingen vind, mange inkl oss glei over startlinje av straumen, men kjekt at me kan seile utan at slikt vert eit tema.


Fri har vist mange ganger at den går fint i heilt lett vind, så også denne gongen, men det kom ein liten bris så alle kom avgårde. Salonaen imponert stort, den går fantastisk med genoa 1 i lett vind. FRI hadde også fått på den lette 1aren og den går betydelig bedre i så lett vind, synd me må dra på tillegget i resten av seilasane for med utrent mannskap og ein 3er som ikkje er tenkt skifta i fart ( lag vertikal spile) blir det ikke ofte me kan nytte dette seilet som ikkje tåler å revast!

Vel, 8 båtar og nr 4 er heilt ok, gennakerhåndteringa var heilt håplaus så med prikkfri setting og berging kunne me vore heilt på topp denne gongen, men det var det Fykerten som var, imponert!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar