søndag 16. august 2015

Ferie - del 3

Litt jobbing i fjerde ferieveka gav muligheter for ein båttur til før skulen og hausten er eit faktum!

Med etterlengta gode værmelding la me ut mot Romsa onsdag kveld
Heilt fantasisk kveld der den yngste igjen viser imponerande fiskeinteresse sjølv om det no er slutt på leppefiske, no er det kun storfisk som gjeld!
Fyrste tur åleine i gummibåten:)

Skikkelig gutatur, June på jobb
Vatn
Torsdag ettermiddag la me kursen mot Løkjelsøy, men fyrst innom Fjeldberg for diesel og vatn, samt pizza:)
Meir fisking og litt våtdraktbading på Løkjelsøy før me la kursen mot Austevoll fredag ettermiddag.

Alltid like kjekt å komme til gode venner i vestre Vinnesvågen, dessverre forlot det gode været oss allerede fredag kveld, litt trolsk øve Selbjørnsfjorden fredag kveld!
Mykje lott og løye og seine kveldar vart det i år også:) Lørdagen gjekk me med seilbåten til Bekkjarvik for å oppleve Kystsogedagane, kjekt, spes fiskekonkurransen for ungane var stas, sjølv om to raudnebb var ein for lite til å vinne fiskestang!
Rett før me drog starta rokonkurransen, her ser me staute damer frå Stolmen:)

No e da søndag og motring heim åleine etter å ha lassa av i Sandvikvåg, dessverre vart det kortvarig lykke med gennaker om eg skulle rekke heim i løpet av kvelden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar