tirsdag 25. august 2015

Stordmeisterskap i Segling!

Ei nyvinning av året er Stordmeisterskapet i segling. Det gjekk av stabelen i helga som var med 3 baneseilasane og to distanseseilasar. Knallkjekt og med fantastisk ver!

Etter, 3., 4., og 5. pl på baneseilasen med 8 deltakarar var det duka for distanseseilas. Det hadde me slått saman med Håkonarseilasen! Over til Fjeldberg vart tre i klassen liggande att på Vikafle då vinden døydde, Expresoen vart for ein gong skuld for langt bak og det vart 1. plass i klassen over til Fjeldberg. 

På Fjeldberg vart det mykje lott og løye før me våkna til draumeforhold på søndagen. Utan mannskap hadde eg spekulert i å droppe gennaker, det svara seg lørdag og tapte eg på under søndagens regatta, men, men alt i alt 2. Pl i klassen var ok...

Uansett plassering var dette ein fantastisk helg:)

Litt båttrøbbel, luftinga på septikken vart tett og rett før start susa eg ut for å tømme, eg opna avsuget på dekk for å få luft i tanken, med det resultat at store delar av innholdet opp på dekk, 5 min før start... Men det ordna seg. Her renses tank og lufting, begrepet "drittjobb" har sjelden passa betre;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar