lørdag 23. juni 2018

Dag 16: BrSund - Ylvingen-Herøy (35 nmil)

Då er me fortødd ved Herøy etter at me først gjekk til Ylvingen og brukte mesteparten av dagen der. 

Reveljen gjekk kl 06, skipperfruen fekk sove medan skipperen dusj, henta klesvask, fylte diesel og vatn før han la avgårde i vindstille, men med lavt skydekke mot Ylvingen


ETA Ylvingen var kl 09, halvvegs kom skodda sigande som om det ikkje var kaldt nok frå før, fyttig katta så kjølig det vart når det byrja å regne i tillegg


Her ein plass ligg Ylvingen, 1 nmil sikt så ikkje noko stress, men tross ull under, fraus eg som aldri før og burde fått på alt eg hadde av kler, men så var det ikkje så langt igjen så det gjekk fint, men sjukt deilig og skalke lukene og få varmen igjen når me hadde fortødd!

Fine brygger, men seilbåtar kan berre ligge på den ytterste pga dybdeforholdene og dermed vart det trekk fult når den varsla vinden tok seg opp!

Det kan virke lenge siden serien Himmelblå vart spelt inn, men eg forstår det slik at det er drift på kaffen i Juli! Eg håpar me kan svinge innom på returen betre ver, for det var noko heilt eget med Ylvingen!


Me traff ein lokal som kunne fortelje at det hadde vore to butikkar på Ylvingen til langt ut på 80 tallet, no budde det 32 stk og derav 10 ungar som gjekk på skule på naboøya Vega! Det var fleire som no flytta til Ylvingen, derav ein som startar opp drift på ein av gardsbruka så her var det mykje optimisme!

Spor etter krigen og Tyskerene ser me på svært mange av stadane me besøker. Det er ufattelig kor mykje dei klarte å bygge opp på 5 år... Slavar og fangar gjorde jobben, og enorme lidelser ligg bak, på Ylvingen planta bøndene avlingen så nært dei 200 fangane som var der slik at dei kunne spise av denne når dei gjekk til og frå bunkersbygginga!


Det vart litt dronekjøring på toppen, men «land ASAP» var beskjeden pga for mykje vind, imponerende korleis den lille drona (DJI Mavic Air) likevel held posisjonen ned på cm nivå, tross vindkast over det den er bygd for! Men prisen på doningen tilseier jo at ein også bør kunne forventa imponerande ytelser:)

Her er fleire km heilt rett strekke!


Sykkelen fekk igjen rulla ei lita mil, ca 5 km får du sykla før du må snu:)


Etter nesten 6 timar på Ylvingen satte me kurs videre mot ei roligare havn. Me hadde tenkt på Vega, men SørVesten såg ut til å ta i den østre gjestehavna. Me har også behov for ein viss fremdrift skal me rekke Bodø til torsdag kveld. Me la derfor kursen mot Herøy, kun storseil med 2 rev, det gav 5-7 knop, litt lite seilføring, men ok fart så tanken på å sleppe ut reva vart med nettopp tanken:)

Temperaturen kom seg betraktelig og me hadde mykje flott å sjå på nordover. På Alstadhaug ligg PetterDass museet feks.


Dei 7 søstrene var blyge i dag, ikkje mykje me fekk sett, me håpar på høgare skydekke når me seiler videre nordover, der me ligg no har me perfekt utsikt mot søstrene. Det er eit artig sagn om Hestmannen, Vågakallen, Søstrene, Torghatten mfl.

https://no.m.wikipedia.org/wiki/De_syv_søstre_(sagn)

Før dette seile me forbi Rødøy, ei øye med merkverdig anna farge enn resten av naturen rundt, det var som øya var lys-satt:) Det blir ikkje kjedlig å seile rundt i slik natur og eg er sikker på at eg kjem til å seile nordover fleire gonger, til tross for at det no er temperaturer som minner meir om vinter enn sommar! Det ser heldigvis ut til å bedre seg nærmare helga, men me får to dagar no med mykje vind og dårlig ver

Me har enda ikkje bestemt om me skal seile videre i morgon eller berre vente til kulingen har lagt seg, det er medvind så me tåler mykje vind bakfra med 2 rev i storseilet, men så er dette med å finne gode havner også!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar