mandag 25. juni 2018

Dag 17: Herøyholmen - Sandnessjøen - 9 nmil

I dg og spesielt i morgon er det meldt så mykje vind at det blir landligge, igjen. Me fann ut at me måtte sjå litt av Herøyholmen før me drog inn til Sandnessjøen. Klok av skade etter Flatanger veit me no at me må ligge ein plass det skjer noko når været slår seg vrangt!


Men før me tok dei 9 nmilene til Sandnessjøen måtte me sjå litt av Herøy. Me vandra over den litle lysregulerte brua til Herøysenter. Vel, kanskje ikkje heilt det du ser for deg når du tenker på senter, men dette huset var innholdsrikt, med mellom anna båt og sportsbutikk, og ikkje minst Vinmonopol:)


På veg tilbake såg me eit museum i det fjerne, der måtte me innom og her traff me to hyggelige karar som hadde mykje på hjarta. Det vart ein god prat, kaffi og is og dermed vesentlig seinare avgang enn planlagt!


På morgonen sprang fruen ein liten tur (10 km, puh) og eg løyste opp septikken for 3. gang på denne turen. Usikker på kva som er problemet, men Biltema sitt lett løyselige papir er nok syndaren, iallefall inntil me har prøvd med det vanlige...

Ikkje den lengste etappen i dg, men godt var det. Me visste det var ein del vind i fjorden når me vart så seine, men her var det vindkast opp i 17-18 ms og ganske stor sjø. Iflg yr.no skulle det være 8-9 ms så ein må ta desse meldingane med ei klype salg når det er lavtrykksaktivitet på gang!

Vel, turen over fjorden gjekk rekordfort. Ny toppnotering på 10.1 knop for halve fokka vart satt! Rett nok i litt nedoverbakke;)


Fekk sjølvagt ikkje knipsa i rett augneblink:) 9,5 såg me sikkert 20 ganger nedover så det gjekk unna ja:)


Som alltid får ein ikkje inntrykk av vind og bølger på bilder. Heilt greit å være utpå, men det kan bli utfordrande å gå til/frå kai. Det veit du ikkje før du ser forholdene, sidevind inn til gjestbrygga i Sandnessjøen gav litt høgare puls, men to hyggelige havebetjenter tok i mot tau framme og bak, uten dei hadde me slitt litt i dg, ikkje hadde me turt å gå heilt innerst heller og dermed hadde me blitt liggande i meir vind også.

Vel, me ligg godt her og blir nok til onsdag morgon! Det er synd at me i denne omgang må droppe, Lovund, Træna og Myken pga været. Me kunne venta til helga for å få det med oss, men June skal heim og neste mannskap kjem på i Bodø på fredag så litt låst blir ein jo, men, men! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar