fredag 29. juni 2018

Dag 21: Bodø-Kjerringøy-Nordskot (38 nmil)

Ja, då er Ulf ombord og me er klar til avgang, litt raskt arbeid med overføring av timar i datasystemene på jobb før avreise!


Kort stopp på Kjerringøy, litt forsinka avgang frå Bodø, litt jobbing og så sjølv om me har seilt, uten motorbruk fra Brønnøysund der me fylt sist mangla det to streker på dieseltanken, så me måtte fylle. 40 liter gjekk det på, Hmm, dieselvarmeren går nærmast 24/7 og dermed går det altså overraskande mykje diesel til å halde varmen!

Flott seilas i dag også, skarpare kryss enn før så god fart tross relativt lite vind! 


Deilig å endelig få ein skipper ombord slik at ein kunne sitte i ly av sprayhooden, heile dagen. Fyflate no skjønar eg kor godt mannskapet mitt har hatt det;) 

Det er fortsatt djævelsk kaldt, men søndag! 17 Grader!!!! Juhu, eg har 4 shortsar med, kanskje eg må bruke alle på søndag;)

Me saknar svigerfar ombord no, men ellers er dette fantastiske kjekt

Grøtøyleia, ein opplevelse i seg sjølv. Ulf har vore med å gå på grunn her før så kjekt med kjentmann ombord, men om du vil ta turen så er denne leia veldig grei og godt merka!

Nordskot!

Edit

Trangt om saligheten, mange legg seg på svai, men me har slept lufta ut av monster gummibåten og måtte til kai! Gummibåten vart stor på dekk gitt, sjølv uten luft. Rart ingen andre har med terrengsykkel forresten, hehe;) Kun oss langt vekk frå utanom ei skøyte frå Asker!

Skippermøte, det er lenge sidan me dreiv med, men kjekt og sosialt!

Ein Åttering og fleire 5 børingar, svære båtar, minst 50 fot, kanske me skal få slite litt med desse karane;)

Fest før regatta er litt nytt, men ein kjempeidé;) Juhu!


Livemusikk og god stemning, men me ser at regattafolket trekk seg tilbake så det gjorde me også!

Då krysser me fingrane for ein stor opplevelse i morgon og endlig fortøying i Lofoten utpå ettermiddagen ein gong!

Sjekk RaceQS.com og Vestfjordseilasen så vil dåke kunne følge oss om me har nok strøm på alle duppedittande som sug strøm, det er ikkje få!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar