torsdag 28. juni 2018

Dag 20: Støtt-Bodø (32 nmil)

Me starta dagen med ein fottur opp til Svenningen på Støtt etter frokost kl 09. Heller tett skodd har gjort at me utsett avreisen litt, ikkje mykje ugjort i Bodø uansett og det å surre i leia innover utan radar i skodd er ikkje så kjekt! Ulf kjem ikkje før kl 10 i morgon så ikkje noko å stresse etter!


FRI er påmeldt Vestfjordseilasen:) Kunne ikkje sjå andre «langvegsfarande» på lista!

53 påmeldte, her er stor spennvidden frå Archambault 40 regattamaakin til fembøringar og Åttringar samt redningskøyta Skomvær;) Dette blir ein opplevelse å ta med seg!

Her har skodda letta og me går ut frå Støtt med Kunna til styrbord! Ikkje langt rundt, nermast vindstille i starten, men kjølig!

Fugløya, fantastisk flott, me tenkte litt på ein kort stopp, men det vart med tanken...

No har me vent oss til seilas i kaldt vær, men i dag var det ikkje berre kaldt, men djævelsk kaldt når me fekk frisk bris frå nord, fyflate:)

Landego og me kan for første gang skimte Lofotveggen:)


Bodø by, igjen ein milepæl, her studerte eg to år 94-96, lenge sidan, men ein får alltid eit spesielt forhold til studiebyen. Men ikkje mykje tid denne gangen til å stikke ut til høgskulen, me må videre til Nordskot i morgon tidlig (38 nmil). Håpar å få tatt ein lunsjpause på Kjerringøy på vegen:) Registrering seinast kl 21 på Nordskot.

Me seiler med turseil og mykje last så me har mykje å skylde på ved evt svake resultat:) Me har absolutt ingen ambisjoner om noko anna enn å fullføre og ha det kjekt, men me pakkar gummibåten på dekk i det minste, det ville jo vore trist for andre å evt tape mot ein som kjem sigande med ein gummibåt på slep, hehe;)

Kartene til kartplotteren som ikkje rakk fram til Rørvik er videresendt til Bodø, men det går i sirup med Posten. Pakken har no brukt 4 dagar frå Rørvik til Fauske og ein må få lure litt på korleis denne posten fungerer... Grrr Det går tydligvis fortare med seilbåt iallefall og det sjølv om du ligg eit par dagar værfast!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar