tirsdag 17. juli 2018

Dag 39: Hamn i Senja (0 nmil)

Me har droppa planen om Gryllefjorden, ikkje anbefalt av lokal seiler me traff i Hamn og etter sykkelturen dit i dag er eg heilt enig. Eg elskar å komme til nye plassar så det hadde ikkje vore noko i vegen for å stukke innom, gode hamneforhold også, men ingen båtar ved gjestebrygga viser kanskje at ikkje mange går inn den fjorden!


Men vakkert var det, inn i fjorden!

Eg tok sjansen på å sykle gjennom tunnellen etter at eg oppdaga denne smarte patenten, sjølv om det er tomt for batteri i lysene på sykkelen etter at eg gløymte å slå dei av tidligare på turen!


I slikt vèr me har er det også fantastisk å ligge i Hamn og utforske skjærgården utanfor, på folkemunne kalla «støvelhavet», med gummibåten. Ikkje veldig aktuelt å surre seg inn her med seilbåten! Her er det grunt over alt!!


Ikkje vanskelig å finne si eiga private strand her! Litt magi rett og slett!

Både stor og små tok eit raskt bad også, til og med June, då vart eg imponert!

Me avslutta dagen med middag på restauranten, veldig god mat og hyggelig betjening, men me var heldige som fekk bord, først fekk me beskjed om at der var fult, men etter einstund fekk dei pressa oss inn:)

Ny badesjark på gang, men Kr 295 pr person for å sitte i litt i varmt vatn vart litt for voldsomt for vår økonomi! Ungane vart litt skuffa, men forstår heldigvis at 1.200 Kr for noko slikt ikkje er verd det! 


All good things osv, i morgon tidlig kl 07 kastar me loss, og går ned til Bjarkøy eller deromkring for siste overnatting før fjelltur! Då får FRI litt åleinetid igjen i Harstad før me startar turen sørover mandag kveld! Planen er å gå Risøyrenna og få med oss Trollfjorden før me går ut Lofoten og så over til Myken! Litt forbehold om værmeldigane sjølvsagt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar