tirsdag 17. juli 2018

Dag 40: Hamn - Skrolsvik - Bjarkøy (32 nmil)

Igjen ein heilt fantastisk dag på sjøen!

Kl 07 kasta me loss frå Hamn, allerede 18-20 grader og sol fra nermast skyfri himmel! Matrosane søv, og det er synd for dei går glipp av noko av det ypperste norsk natur har å by på, eg klarar ikkje å slutte å ta bilde, det dukkar opp postkort motiv konstant;)


Dessverre blir dei ikkje så fine pga vanntett deksel på IPhone, men eg har andre og forhåpentligvis skarpare på IPaden:)


Ikkje langt over til Andenes herifrå! Det får me ha det tilgode til neste gang;)



Etter å ha passert dei 10-12 bratte klippene som stuper i havet og som skarpt deler av dei 10-12 fjordarmene på Senja kom me til Skrolsvik og me kan smykke oss med å ha seilt rundt Senja, men seilt og seilt, det var berre fra Sandsøy til Sørreisa me fekk seilt, etter det har det nermast vore vindstille! 


Her ligg dei på rekke og rad, berre i dg med i underkant av fem timar frå Hamn til Skrolsvik passerte me 4 klipper, like fasinerande alle saman:)

Me hadde ikkje ei vindpust, men noko dønning var det likevel så her må ein gjere sjøklart så ikkje ting fyk vegg i mellom. Ja, eg veit det ser dønn flatt ut på bildene:)


Skrolsvik er ein veldig liten, men trivelig plass, gjestebrygga var grei og 50 kr natta trur eg e rimeligst til no:)

Men den låg ikkje der Havneguiden oppgav:) 

Me skulle uansett ikkje stoppe lenge, det vart ein, vaffel, is og kaffi stopp på Gamlebutikken, skikkelig «Nillo på Skjeret» atmosfære:)


Det er langt ned på fjære sjø ja;)

Kl 13 kasta me loss og gjekk ein times tid over til fugleberget mellom Bjarkøy og Helløya, fortsatt nydelig ver, ulltrøya måtte byttas med t-skjorte inn til Skrolsvik, shortsen har vore på sidan Hamn kl 07, tippar det ikkje er veldig mange dagar ein står i shorts på dekk her ute så me traff innertier med vèret!

Innmot Skrolsvik minka dønningane og June kunne sole seg på fordekket, det er verkelig ikkje kvar båtferie det har vore mulig uansett kor me har vore. 

Nei, dette var akkurat slik båtdrømmen var for 11 år sidan når me satt å bladde i brosjyrane!:)


Fugleberget stod til forventingane, eit svare spetakkel og korleis nokon kan ha hytte rett over sundet er meir enn eg fattar:) Men fasinerande å kunne komme i nærkontakt med eit fuglefjell:)!!


Bjarkøy var igjen ein flott plass med god havn og denne gangen stemte Havneguiden perfekt slik den stort sett har gjort, eg har hatt veldig god nytte av denne, undervegs. Appen kostar ein kvalbiff pr år, men er gull verd på ein slik tur:)

Etter ein tur innom butikken som stenger kl 17, holdt me på å renne vekk i båten, og måtte igjen kjøle oss ned på ei strand, og igjen kom gummibåten til sin rett, eg må innrømme at eg har tenkt at den var litt unødvendig å ha med, sidan me også har flåte, men denne veka har den iallefall vore gull og gjort turen til ein større opplevelse og gitt litt tidsfordriv for ungane!

Godvèret er på hell, men det går meir tilbake til ein god sommardag så me klagar ikkje. Vel, i morgon tidlig går me dei ca 2 timane til Harstad og legg båten der til mandag, no er det ferskvannsfiske som står for tur, 8 dagar på tur er nok for ungane og eg får uansett min dose båttur i år:)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar