lørdag 4. august 2018

Dag 57: Bud - Ålesund (35 nmil)

Ålesund er ein fantastisk by og med så mange fiskevær på samvittigheten passar det fint med litt trafikkstøy og yrande liv no, kanskje får me feira faderen sin 73 årsdag med ein kino og ein bedre middag også!


Bud, denne gangen berre for å sove!

Bjørnsund, me skulle sjølsagt heller lagt til her, men me får ha det tilgode, i går var eg så sleten etter ein lang dag med håndstyring og motsjø at eg sovna i salongen...

Ved avmarsj fann me ein rosa lapp med beskjed om at me ikkje hadde betalt havneavgift, kjempeflaut, eg betaler alltid avgifta, men i går sovna eg frå det!

Vel, hevnen vart søt frå havenvakten for den rosa lappen på dekk som varsal om manglande betaling har farga av eit stort rosa merke i dekket sidan det hadde regna i natt. Polishen kom fram i ein fei, mesteparten gjekk bort, men rosaskjæret etter lappen var ikkje lett å få bort nei:) Vel, vel. Går vel bort med tid og stunder og moralen er altså, betal havneavgift med ein gong du kjem fram, så det ikkje blir gløymt. Veldig mange stader me har vore er det ingen kontroll og dermed på ære og samvittighet! Men uten gjestebryggene er det veldig pes å reise rundt med båt så eg betaler avgiften med glede!


Etter 8 veker på tur omtrendt uten ein dråpe regn blir ein nesten glad av å treffe på ei regnbyge. Dårleg sikt i nedbør, men det vart ikkje mykje vatn denne gongen heller, men det ser ut som det skal bli nok dei siste dagane heim, sør for Stad!


Endelig fortødd i Ålesund, samme perfekte plass som sist, regelen om uansett å sjekke innerst i havna fungerte denne gangen også! To båtar kom rett før oss inn og heldigvis fortødde dei i ytre havn der eg såg bryggene heiv på seg allerede!

Halvvegs til Ålesund kom det vind og dobbelt av meldingane, 10-12 ifht 5-6 ms er forskjell på så Yanmaren måtte yte maks maksfart i dag for at me i det heile skulle komme fram, vanlig marsjfart gave 3 knop framdrift med motsjø, motvind og motstraum.

Då er det kino neste og så ut å ete:) Kjekt med litt byliv no:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar