søndag 5. august 2018

Dag 58: Ålesund (0 nmil)

Vèrfast i Ålesund, unektelig noko kjent med det:) 


Men det gjenstår ein dag med jobbing så det passar greit nok sjølv om eg nok skulle klart å gått rundt Stad til Måløy OG gjort nødvendig arbeid ferdig i dag, men, men! Kviledag i dag med å sove lenge, lese og jobbe, så må eg sykle til ein søndagsåpen butikk for me prioriterte kino før matvarehandel i går:)

Kjekt med kino sjølv om eg kanskje var litt skuffa over den siste Mission Impossible - FallOut filmen!

Naboen me låg utpå la ut mot Fosnavåg, good luck with that, tenkte no eg inni meg, det gjekk sikkert bra, men eg forstår kanskje ikkje heilt poenget med å stampe seg sørover i stiv kuling, når det skal løye i morgon, men kanskje eg forstår det i morgon, det er sjølvsagt alltid smart å ha kortast veg mulig rundt Stad, her kan det endre seg fort. Me går frå Ålesund kl 06-07 så får me sjå, då er me på Stad kl 12-13, etter meldingane pt skal det vere roligast då! Men me veit jo alle att det ofte er roligast om morgonen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar