mandag 22. oktober 2018

Siste Tirsdagsseilas med knall og fall...

Frisk vind på siste Tirsdagsseilasen. Me kjenner at denne båten ikkje er noko ein sett til havs med, men den går som ei kule. Før start hadde me satt det eine revet me har i storseilet og ikkje rulla ut fokka, likevel slepp båten sjøen som berre juling og du føler at du raser fram og tilbake på startlinja!!

Men denne gangen vart det berre gøy ei lita stund, me starta uten fokka, men rulla den sjølvagt ut i det det løya eit øyeblikk, litt etter start. Over fjorden var me derfor så til de grader overrigga med berre to ombord og ca 8 ms, men det gjekk unna, ikke allverdens høyde, men omtrent som dei andre likevel, mykje sjø og strøm gjer at det ikkje svarar seg å gå høgt uansett. Me låg bra ann denne gongen også, men så røyk fallet til fokka...

Patenten med fallstramming nede i baugen og glidelås rundt forstaget gjer at når slikt skjer kjem seilet ned nokre meter på forstaget og så blir det ståande og blafre...

Ikkje snøballsjans å gå frampå for å få seilet ned, synd for me kunne fint seilt resten av regattaen på storseilet... Me måtte dermed gjere vendereise og prøvde etter beste evne og unngå blafring i fokka tilbake, vel i havn fekk med ned seilet, det var heldigvis like heilt. 

Me rigga ned seilene og innser at sesongen er over, når me tar båten på land får me sett kab som skjedde i toppen, det er noko som stikk it så kan være svivelen som er røken, håpet var berre at det var ein sjakkel som hadde løsna, time will show...

Veldig positivt overraska over båten sålangt, den er lynrask og rett og slett fantastisk morro å seile...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar