søndag 21. oktober 2018

Tirsdagsseilas i mørket!

I nydelig haustver gjekk den nest siste Tirsdagsseilasen av stabelen, 4 båtar stilte til start, mykje meir vind enn meldt og dermed passa det fint at me hadde Dino med og dermed 3. Me kryssa opp til Illholmane og runda som første båt ca 10 min før MementoMori, Hanse 350 som me så ofte før har seilt jevnt med i min egen Hanse 350.

Tilbake vart det akkurat mulighet for gennaker og me var ca 30 min før Hanse ved Ystøya der me gjekk inn i stilla. Dei to andre gav seg.

Me kom oss i mål, Memento måtte gjennom samme stille området, ca 25 min bak oss i mål og med tentativt lavere rating på oss vart det overlegen siger!

Når det er sagt så ser eg at desse båtane har lite med tur og hav og gjere, sånn sett blir dei eit irritasjonsmoment, men vanskleig å løyse på ein plass med så få båtar som på Stord.

Me vil prøve å ha «sportsbåtklasse» til neste år og få med Melgesane saman med Skippi og Elan210en, spørsmålet er om me klarar å få nok av desse til å få ein fornuftig klasse...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar