søndag 7. oktober 2018

UK Sailmakers Windjammer Race 2018

Det frista veldig å få testa B/One mot fleire enn lokale båtar så tross manglande målebrev stilte me til start i TUR klassen med LitleFRI. Medeigar var på reise så Torleif som har vore med i mange år på FRI stilte opp, dog litt skeptisk til «akebrette», men det tok ikkje lang tid før me saman fekk båten i fint driv. Veldig lettseilt båt!


Me ser at andre B/One har 0.925 i rating og 0.893 som SH og antar at me får det samme!

Det er pluss og minus med liten båt, med nesten 50 båtar til start blir det trangt og dermed mykje enklare å manøvrere ein liten båt, samtidig blir «fri vind» enda viktigere pga lav rigg. 


Starten var absolutt godkjent, men fantastisk nok kobla eg gennakeren feil så me glippa nokre fine drag i den ellers ytterst lette vinden i starten. Ute ved Ystøya vart det havblikk, me gjekk inn mot Ystøya, mest for å unngå strømmen i fjorden, men også fordi det i stille kan være litt vind heilt inn ved land. Dette valget var rikitg, men gav ikkje store utslag, strømmen ut fjorden var ikkje så sterk som frykta og når det kom litt drag fekk dei fleste dette samtidig.


Det var lenge stor avstand til hovedfeltet der me kneip oss fast i fremste rekke, men så fylte vinden frå nord samtidig som me berre såvidt rek mot mål i sør og dermed vart mykje snudd opp ned og båtar med låg rating gjorde det generelt godt i denne seilasen!

Over til Hidle imponerte B/One voldsomt ved å ta igjen First 36.7/Elan 37 og seile jevnt med J/109 på kryss! Litt kluss rundt Hidle der me kunne seilt bedre, var me igjen ute i vinden på 3-4 ms. Me gjekk lengre vest enn nokon andre, i perioder fekk me nok litt meir vind, men også ein djupare kurs mot merke. Igjen er B/One imponerande og slepp vatnet mange ganger nedover i det som knapt kan ha vore 5 ms.


Det å ta igjen Match, ein Bavaria 35 Match nedover til merke på Tittelsnes er langt, langt over det eg trudde denne båten kunne klare, iallefall i så lite vind.

Løpet vart avkorta ved Tittelsnes og me innser at me har fått eit veldig godt resultat og sjølvsagt er det synd at me ikkje har målebrev.

Etter ratingen me fann på andre B/One med racing seil ville me blitt nr 4 av 45 båtar på OverAll, me ville også vunne både SH klassen og fullmannskap klassen så dette vart ein gedigen opptur!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar