søndag 6. januar 2019

Ny tur på fjorden!


Med hurtiggående båt er det kjekt når det er lite vind og bølger. Før var det jo litt nedtur når det var havblikk og ein ikkje kunne heise seil. No er det veldig fint med lite vind og havblikk.  Sjølv om eg er veldig nøgd med NBen så er den ikkje så veldig glad i krappe bølger. Den takler vær og vind godt og er veldig stabil, men det blir risting, slag og farten må fort ned.

Lite fisk å få ved Hestholmsflua så etter ein halvtime med berre småpala gav eg opp, kokte meir kaffi og gjekk under brua mellom Nautøya og Føyno. 6 meter høyde så der har eg ikkje gått sidan me hadde motorbåt for 12 år seidan:)


Min lokale båtmekanikker meinte 41-200 hk var litt lite i denne båten. Kanskje blir det snaut full-lasta, men til no syns eg det er ein fin motor til båten. 6 syl gir fin gange og fin marsjfart har ein allerede rett over 3000 o/min. 3250 gir mellom 23-24 knop og ein kan trimme ut drev litt og redusere flaps. Forbruket er ilfg diagrammet til Volvo 30 liter ved 3300 omin så lett båt drar ikkje meir enn ca 1,25 liter pr mil. Den gml Viksund 850 Combien som me hadde eit år midt på 2000 tallet brukte ca 2,2 liter pr mil. Det svei i lommeboka på lengre turer, men forbruket her skal me stå i)


I høst prøvde eg toppfarten og den er godkjent med 3900 o/min og 31 knop. Drevet må på +2 og flaps inn før dei siste omdreininger kjem og ein klarer å bikke 30:) Men det var berre for å prøve, motoren skal få eit fint liv på 3000-3300. Dette saman med å aldri ta båten i plan før motoren har nådd 80 grader og samtidig passe på at den får gått seg ned før den stoppes har eg alltid praktisert med motorene mine og eg trur der er lurt i lengden. Denne motoren er 16 år, men ser neste ut som ny med sine rett under 1000 timar. Forrige og einaste eigar har praktisert tilsvarande regime så eg blir veldig overraska om det blir noko problem med motoren. Drevet derimot er jo meir bingo, men eg vurderte aldri samme båt med aksling. Syns farten blir for lav då samtidig som vibrasjon og bråk blir verre. Me har ein slik med 184 hk Yanmar i familien. Flott motor, men den drar godt med drivstoff og går hardt ifht rekkesekseren. Den går heller ikkje særlig meir enn 20 knop på fult så forbruket blir vesentlig forskjell på...

Trekantsambandet, skodda kom sigande så greit å komma ser heimover...


Då har eg snudd båten, været kjem ofte frå sør, men den ligg så lunt innerst i havna at det blir nok bra å ligge med hekken mot været. Veldig mykje lettare å komme ombord no. Rekka er høg så mykje snednare å gå via badeplattform bak:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar