søndag 3. februar 2019

Vintertur til Eggøyo!

Familien staden, Eggøya ligg i Fitjarøyane, 16 nmil frå heimehavna. Det er for langt som dagstur med seilbåt og sjølv om me kan låne båt, så har det gradvis ført til mindre og mindre bruk av Eggøya for vår del.




Når det endelig var ei ledig helg med godt ver så frista det også med overnattingstur med seilbåten. No har me vore mange gonger i Eggøya med seilbåten, men heile helger er det lite av så motorbåten kjem verkelig til sin rett her! Tur/retur på litt over 1 time vs 5 timar gjer at me no lett kan ta ein ettermiddagstur etter jobb også eller ein søndagstur som i dag!



Flytebryggene tas bort om vinteren, ellers ville dei blitt knust til pinneved...




Sjølv i lite vind var det såpass med drag at longside ikkje er ideelt, men eg holdt meg i nærheten av båten og passa på... Enda ein fordel med motorbåten, her er det altfor grunt til ein seilbåt. Berre såvidt det gjekk med NBen...



Tilfeldigvis dukka moderen og faderen også opp, tidlegare syns eg Arvoren gjekk veldig fort, men det tok ikkje lang tid før den var ein prikk bak:)


23 knop er passe, mn på turen heim i skvalpesjø måtte eg ned i 17 på det lågaste, men det får me leve med, god fart i ein båt med god plass med lavt forbruk har ofte ein bakdel... Eg skal leve med dette



Ja, kjekt å kunne suse forbi båtar igjen, det er lenge sidan:)

Siggjo innhylla i skodd... Flolk flest var på ski denne dagen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar