søndag 30. juni 2019

Til Rosendal for å gå i fjellet!

 Med barnefri passa det perfekt å avspassere og gå ein skikkelig fjelltur. Spesielt tenåringen er vanskelig å få med på slikt og uansett hadde turen me no tok til Bjørndalsetra vore litt for lang også for yngstemann. I lengste laget for meg også med dårlige kne, men det vart uansett ein fantastisk tur i nydelig vêr, shorts og t-shorts frå me gjekk kl 1100 til me var tilbake kl 2100!!! Til og med på 820 moh var det like varmt og vind med berre ein svak svalende bris! Me traff rett dag her. Til/fra båthavna er dette ein tur på ca 7 timar, men me tok oss god tid og fiska i dei 4 vatna me passerte,
Mykje småfisk som me satte ut igjen, men alltid kjekt å få fisk:)









Det skal etter ryktene gå ann å låne denne stølen, men me gjekk ned samme dag.

Først overnatting for fruen i båten, det fungerte forsåvidt fint, men me er vel begge enig i at me kunne tenkte oss litt meir plass, til og med når me er berre to ombord! Men NBen er veldig kjekt på mange andre områder, for det først gjekk det heilt fint og klart det blir uvant når ein kjem frå 35 fot seilbåt.

For det andre så er investeringen såpass låg at me ikkje føler at me MÅ bruke båten, og ikkje minst er den både så rask og så rimelig i bruk at me får brukt den til mange dagsturer som me nok ikkje hadde tatt med ein båt som enten går mykje seinare eller ein båt som bruker mykje meir diesel. Det føles litt sprøtt å fylle opp 100 liter og så bruke dei opp på ein kveld slik det fort blir på ein moderat Vikens feks tur/retur Stord-Rosendal. NBen bruker ca 50 liter og det er egentlig ille nok i desse miljøtider



På heim-turen fekk me litt ruskevær. NBen klarar seg fint, men farten må ned ganske tidlig. Her er me nede i 8 knop i noko skikkelig strømsjø og liten kuling rett før me er i havn...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar